sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

Moltetur til Hjelmsøya

«Nordfrårapport» med tekst og bilder fra John Strand, Havøysund:

Hei i nord og i sør!

Nordfrårapport om moltetur i øy-riket i Finnmark.
Fredag kveld - etter at Gerhard (søskenbarn til Ingalill) hadde levert dagens Kamtsjatka-fangst (det er faktisk store mengder og god kvalitet på krabben for tida), drog vi - Anne Grethe, Gerhard, Ingalill og eg - ut til Spellet i Akkarfjorden på nordvest-sida av Hjelmsøya. Hjelmsøya blei fråflytta  på 60-talet - men mange etterkomarar i Havøysund har sommarhus og hytter her ute på den flotte øya. Gerhard har også røter på Hjelmsøya - nett her på Spellet. Ylva valde å vere heime saman med Adam Johannes og Vårin (gjester frå Austevoll). PÅ Spellet har Anne G. og Gerhard sommarparadiset sitt. Veret var ikkje på det beste - regnbyger, men med nokre solglimt innimellom. 

Laurdag drog vi ut på “felta”. Sjølv om sommaren har vore noko kjøleg i år, var det flott molte å finne - stor, raud og velsmakande slik ho alltid er på kysten. Så no er jula berga, som dei seier her oppe (alltid moltekrem etter steika på julaftan). På fjellet var det mykje øydelagd bær - for kaldt og for lite sol!

Men nede ved fjellfoten stod molta raud og freistande! Og litt utpå ettermiddagen hadde vi plukka nesten 40 liter til saman. Då slo vi til med steikt, marinert laks på kvelden - som smakte heilt perfekt saman med ein Braastad eller to. Vi hadde vel tenkt å grille ute - men veret ville noko anna. Dermed fram med gassblusset og steikjepanna.

Søndag hadde “han” versna - stiv nordvest kuling og tettare med elingar. Kort rådslagning - og vi vende baugen heimover på søndag førmiddag. Godt å ha ein sold sjark å krysse fjordane med når det blir slikt ver! Anne G. og Ingalill gjekk over fjellet til sørsida av øya - og vart henta opp i le for nordvesten. Dermed unngjekk dei rullinga og vaskinga på vest-sida - og kanskje sjøverken også!

Sjølv om søndagen vart amputert i bærmarka, sa vi oss godt nøgde. Vi hadde vel eigentleg fått nok molte. Og no ligg det 20 liter reinspikka, utruleg velsmakande antioksidant-bomber i frysaren og ventar på oss utover hausten og vinteren.

Moltekrem med fersk molte vart det til “buljoen” på søndagskvelden. Då fekk vi besøk av Liv og Anders Seim. Anders har brukt heile sitt lege-liv til større prosjekt for å hjelpe sjuke menneske i fattige land. Mellom anna har han vore ein av pådrivarane for å få utrydda Guinea-ormen. Han har fått mange prisar for innsatsen sin! Vil dåkke vite meir om Anders, så søk på nettet. Det vart ein verkeleg spanande kveld!  

Molta på plass, så no er det berre å vente på tyttebæra - og ho plukkar vi i Alta!

Ha ei flott veke!

John

Ingen kommentarer sålangt. Gi den første.

Leave a reply

dd
ff