Kveitetokt
Innlegget er sendt meg 21. oktober, - fra John, oppvekstsjef i Måsøy, men her kveitefiskar i en ny nordfrårapport:
På tokt etter kveita
Torsdag i førre veke fekk eg vere med Willy ut for å drage kveitevad. Han hadde egna og sett ut to setningar dagen før - og i vakkert morgonlys seig vi utover til “kveite-felta”. Berre eit par veker tidlegare hadde Willy baska om bord ei 60-kilos storkveite - og det var vel med dette “i bakhovudet” at vi i all vår optimisme andøvde oss ut mot første lina.
Det er alltid spanande å drage line (i dette tilfellet kveitevad) - å følgje linestrengen nedover i djupet, få auge på noko kvitt som kjem skivrande oppover og blir større og større - og så identifisere kva det er som heng på kroken.
Noko stor-kveite vart det ikkje denne gongen - men eit titals småkveiter frå 5 - 12 kg er no også noko å ta med seg. I alle fall er 1.-juledags-måltidet (alltid fisk) godt prekevert i frysaren. Vi fekk også ein god del hyser. Desse banka vi på fredag etter arbeid. Torskane med ein viss storleik sukkersalta eg - 50/50 sukker/salt i 4 timar før skyljing og i frysaren - kokeklare.
Med andre ord - kjekk tur på sjøen med ein kjekk og røynd sjarkfiskar. Willy har planar om nytt tokt seinare fram mot jul, så vi får sjå!
Det haustast - dagane blir kortare og temperaturen sig nedover. Alt er godt i rute med andre ord!
John
Ingen kommentarer sålangt. Gi den første.
Leave a reply