sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

Dagen før dagan

 John Strands «Nordfrå-rapport»:

Hei!
Først og fremst: Takk for alle julehelsingane - både elektroniske og på papir!
SÅ: Gratulere med kulturprisen i Haram, Kjell Einar!

Nordfrå-rapport - like før jul.
I fjor i jula var vi på Madeira - så i år blir vi her i Havøysund. Juleførbuingane er i god rute.
I veke 50 hadde vi kommunestyremøte - så no har vi eit heilt ubrukt budsjett for 2009 på nivå som i 2008. Det er godt å vere fri for “nedskjerings-rundene” - som stort sett berre akkumulerer opp negative relasjonar og negative kjensler rundt dei det gjeld.

Om kvelden var det festmiddag - avskjedsmiddag for rådmannen vår som no skal halde fram som rådmann i Hammerfest frå årsskiftet. Vi går inn i det nye året med ny rådmann - eller skal vi heller seie “rådkvinne”. Verkar å vere ei dugande kvinne - så det skal bli spanande. Etter det formelle på hotellet, kom ein heil flokk frå kommunetyre-representantane bort til oss og heldt det gåande til morgonkvisten. Dei har så mykje å skravle om - slike som sit i kommunestyret. Koseleg kveld/natt - men lite med søvn.

I helga var vi på hytta i Alta - siste innkjøpsrunde i “byen” før jul. Litt rart å sjå alle husa som blir “jule-pynta” med lysrekkjer og lysfigurar av alle slag. Underleg tradisjon, synest no eg - men kvar om det!
 
Vi var også ein tur innom isstadion i Bossekop - og her var alt på stell. Men det ser ikkje ut til å gro etter Asle T. og dei andre frå skøytemiljøet på 70-talet: Det var ingen å sjå ute på den flotte isen. Men kanskje blir det betre i romjula og utover. Skal i alle fall prøve skøytene når vi er der inne over nyttår.

Og jammen går det varmgang i visakortet på slike handleturar på kjøpsentera. Vi har nok ikkje teke innover oss finanskrisa sine mørke og depressive skuggar. Med fullasta bil og julegåvene ferdighandla, suste vi i stemningsfullt vinterlandskap tilbake til Havøysund på søndag.

Så får dåkke alle ha ei flott jul - i nord og i sør!
I går snudde sola - så no går det rette vegen!

John

Ingen kommentarer sålangt. Gi den første.

Leave a reply

dd
ff