sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

Ingalill på Stortinget

John Strand sender meg «nordfrå-rapporter», - denne gangen i forbindelse med konst. av det nye Stortinget med Ingalill fra Måsøy som nyvalgt. Gratulerer og lykke til, Ingalill!
Og John, takk for rapporten som følger:

I dag er “nordfrå-rapporten” frå sør i landet: Oslo sist helg.

 

Som nemnt i førre rapporten, var vi (Ylva, Terje og eg) inviterte til konstitueringa av det nyvalde Stortinget sist fredag. Vi reiste nedover torsdagskvelden - og inspiserte det nye husværet til Ingalill. Og det såg rett så bra ut - eitt soverom, stor stove, kjøkken, bad og gang. Og plasseringsmessig - heilt ypparleg like bak slottet (mest som ein nabo til kongen) og kort veg ned til Stortinget.

 

Fredag vert dressen leita fram og avstøva - og så berst det ned til Løvebakken. Ingalill tek oss ein rundtur på det mangfaldige bygget - og ikkje minst er Stortings-kantina med faste partibord godt vitja før seremonien byrjar. Og vi spanderer på oss ein godt subsidiert kaffi-skvett! Her skortar det ikkje på mat - både sunn og mindre sunn. Det vert hevda at dei fleste “faste” kantine-slitarane legg på seg rundt 10 kg på ein Stortings-periode! Og eg skjønar kvifor.

 

Bakken under bygningen er gjennomhola som ein gulost - med rom og tunnellar i alle retningar - så ein mest kan vase seg bort i labyrinten. Mellom anna er der eit flott trim-studio med alle tenkjelege treningsapparat for alle musklar i politikar-kroppane! Ingalill har testa det - og tek seg som regel ein dagleg tur dit på morgonen før møteverksemda byrjar!

 

I god tid før klokka eitt leiter vi oss fram til galleriet og finn oss sitjeplassar med god oversikt over Stortings-salen. Presis kl. 13.00 kjem kongen, dronninga og kronprinsen skridane inn i salen på den raude lauparen. Med i følgjet er det godt “salat”-dekorerte toppar frå alle våre forsvarsgreiner - og langs heile vegen frå ute til inn i salen står oppstilte militæristar frå marine, flyvåpen, hær og garde - i stram giv akt.

Kongen les opp trontalen: “Regjeringen vil . . . Regjeringen vil  . . .” - alle tiltaka som er nedmeisla i Soria Moria 2-erklæringa. Etterpå les regjeringa sin yngste statsråd - kunnskapsminister Solhjell i dette tilfellet - opp “rikets tilstand” før den nyvalde Stortings-presidenten avsluttar med talen sin. Dessutan syng vi både kongesongen og nasjonalsongen vår.

 

Det er eit høgtidsstemt rituale - konstitusjonelt korrekt og tradisjonstrufast. Ja, ein kjenner at det er noko spesielt å få vere med på noko slikt, ja.

 

Fredagskvelden møtte vi familien Leirvik - Marta som var lærar og Dag som var prest dei første åra mine i Havøysund. Kjempekosleg å treffe desse gode venene - og saman fekk vi med oss føresteillinga Mama Mia - eit fyrverkeri i sang, dans og lyskulissar i god Abba-stil. Flott!

Og på laurdag hadde vi avtalt å treffe Anne Lise og Guttorm som hadde Oslo som mellomstasjon på veg til feriestaden sin på Kypros. Det er alltid kjekt å råke på folk ein set så pris på - og vi lunsja saman i Tigerstaden.

Og for å ta det siste treffet i same rennet: Verda er sanneleg ikkje stor! I Alta på søndag ettermiddag dukka atter gamle kjende og kjære vener opp: Marit og Jan Skytterholm. Dei var på besøk hos sonen Håvard og kona Ingrid som no ei tid framover jobbar her i Finnmark. Eg inviterte dei sjølvsagt til eit durabeleg Kamtsjatka-krabbe-måltid på hytta - og det trur eg dei sette pris på. Og eg kan berre stadfeste utsegna: Gammalt venskap rustar aldri!

 

Slik fauk denne helga av seg!

 

John

 

Ingen kommentarer sålangt. Gi den første.

Leave a reply

dd
ff