sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

Kulturveka i Måsøy

Ny “nordfrå-rapport”:

Vi har no kulturveka i Måsøy bak oss - og vi har vore utruleg heldige med veret - mykje sol, stilla - men vi kunne nok ha tenkt oss høgare temperaturar:

Kort kan nemnast sidan siste rapport: Utstillingar, havrafting, besøk av Elias (den vesle rednings skøyta), mannekengoppvisning, rekekveld med konsert på Artic Wiev (mini-nordkapp på Havøygavelen), familiedag ved Storvannet (bål og grilling, kanopadling etc.) m.m.
 
På fredag kveld var det stor stemning i kulturteltet på Torget - trøndergruppa “Sie gubba” var eit fyrverkeri på scenen med musikk som minte meg om ein mellomting mellom Hellbillies og Vamp. Flott! [Klikk på det lille bildet for å se flere bilder!]

Elles var det mange som var på hotellet tidlegare på kvelden og deltok på kokkekurset til skotten Neil Lupton: Laks, kamtsjatka-krabbe, lam, rein. Dette er skotten som har budd i Noreg i ein mannsalder - men snakkar framleis kaudervelsk når han lærer oss nordmenn å trylle fram eventyrlege rettar av vårt eige råstoff.

På laurdag var NM i Highland Games høgdepunktet. Som de ser av bileta er dette ikkje nokon idrett for små-gutar, nei. Ikledd sine “skotske skjørt” konkurrerte dei i følgjende disiplinar:
Steinstøyting (10 kilos rund fjørestein).
Skotsk slegge (7 og 10 kilos: jernkuler med ein trestav i).
Einhandsvekt - slengjing.
Høgdekast: 20 kilo som vart kasta nesten 5 meter høgt.
Tømmerstokk-kasting: Trestokk på opp mot 100 kg som skulle støytast heilt rundt og lande nærast mogeleg kl. 12 - (dvs. rett fram i kasteretninga).
Og vår eigen Sveinung Tangstad (lærer på Havøysund skule) drog i land sigeren med knapp margin.

Laurdagskvelden var det kjempestemning og fullt av folk på hotellet som naut den irska gruppa “The Corner Boys” som spelte “Irish & Scottish music with drive, excitement and energy”. Herleg avslutning på ei veke i kulturen sitt teikn.
 
John

1 kommentar sålangt

  1. hayday hack ios november 5th, 2014 11:45 pm

    hayday hack ios…

    sverren.net - Part 9…

Leave a reply

dd
ff