sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

Sunnmøre

Nordfrå-rapport - denne gongen sørfrå:

Ja, det er langstrakt dette landet vårt. Og det er særleg i mai månad ein verkeleg ser skilnadene. Her i nord har lauv-verket på trea nyleg sprunge ut - og rett nok ser vi skilnad nesten time for time no sola skin både dag og natt. Men enno skortar det noko på temperaturen.

Så dukkar eg opp på Haramsøya seine onsdag kvelden i førre veka, og trur mest det er jonsok (St. Hans) like om hjørnet. Alt er grønt og frodig - blomsterengene ligg vakre og gul-grøne. Kven kan vere sint på løvetanna når ho pyntar slik opp i marka? Så får vi heller ta kampen opp med ho når ho prøver tyne grasplenen! Kusymra - sjølve vårblomen frå mi eiga barndomstid - er mest avblomstra. Denne set eg alltid i samband med tidleg mai når sauene vart sleppte til fjells for sommarbeite.

Bøane ser mest fullt utvaksne ut - kanskje det snart er tid å starte på slått-onna? Sjølv rips-bæra har knept seg og heng grøne på raklene og berre ventar på ørlite meir varme før dei skiftar farge og blir raude! Og held dette fram, kan det kanskje bli to årlege innhaustingar av hagebæra! Ein gardbrukar-kjenning på Haram meiner at alt ligg mest tre veker føre tida!

Elles var det stilt på moloen på Haram - i denne tida eg er van med at hummarfiskarane er i full aktivitet. Men nytt regelverk endevender gamle tradisjonar - no er hummaren freda på vårparten. Kun hausta-tida er han lovleg fangst - ei tid det knapt er mat i han etter skal-skiftet, og han er så grådig at du kan “egne” med gamleskoa dine, som ein kompis uttrykte det. Og slik skal hummaren vernast? Forstå det den som kan!

Som vanleg - masse god mat og vektauke etter denne “heime-turen” også. Ein blir godt stelt med når ein vitjar omsorgsboligane på Austnes, ja! “Pøttosten” (eller råmjølkspuddingen på eit meir vanleg talemål) er uimotståelege kaloribomber. Får prøve å kompensere med meir trim utover sommaren!

Elles var det som vanleg triveleg å møte gamle kjende til mang ein godpreik. Særleg koseleg var vin-og-ost-kvelden hos Liv og Asbjørn! Takkar for traktementet av både tørt og vått! 

Nokre dagar går så fort - og før eg visste ordet av det sat eg på oppover-flyet til Alta og meir arktiske tilhøve. Men her har det også vore stasver - med midnattsol og blankstilla mest ut i evigheita. Gjev det vil vare! Det er diverre meldt tristare ver utover veka! Men “vi står ‘anj av!”

Ha ei fin vår/sommar-tid vidare!

John 

2 kommentarer sålangt

  1. Sverre mai 28th, 2009 9:10 am

    Hei John, du spør etter et navn på en blomst i veikanten.
    Jeg kan ikke bestemt si hva dette er. Så det blir bare forslag til å finne navnet. En spesialist ville vel sett ut fra bildet hva det kan være. (Denne teksten ligger også under blomsterbildet i galleriet).

    Du sier det ikke er løvetann, da tenkte jeg først på lodnefølblom.
    Men det ikke mange vet er at det finnes mange arter av løvetann - over 400 i Norge og Sverige. Ettersom vi bor i Finnmark, kan jeg nevne at det er en art som heter finnmarksløvetann.

    Med så mange arter er det bare spesialister på løvetann som sikkert kan skille artene. Jeg foreslår at det er taraxacum sect ruderalia - rudealis betyr: som vokser på grus (og ruiner). Etter det jeg kan se vokser denne i veigrusen.
    Hjelp! Er det noen biolog/botaniker blant oss?

    Hvorfor er det så mange arter av løvetann?
    Vanligvis setter løvetanna frukt uten befruktning. Da er det lettere for at forandringer i arvestoffet blir ført videre. Så biologene/botanikerne har et svare strev med å holde greie på alle småartene.

  2. Sverre juni 20th, 2009 4:08 pm

    Jeg trodde frøhodene tilhørte løvetannbladene, - så det var ikke noen slags løvetann, men en hestehov!

Leave a reply

dd
ff