sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

500 oppskrifter på torsk

John Strand i Havøysund har sendt meg følgende rapport med bilder:

Hei i sør og i nord!
Dette blir siste «norfrå-rapporten» før ferien - tysdag i neste veke landar vi nemleg på «øya vår» langt sør i Atlanterhavet. Og det skal bli godt med stabil sol og ikkje minst - varme - i heile fire samfulle veker.

Atter ei hektisk veke bak oss:
På måndags kvelden fekk vi besøk av eit portugisisk tv-team som lagar program om norske og portugisiske matrettar. Så denne kvelden «lånte» dei kjøkenet vårt heime - og portugisarane fekk sjå korleis vi tilverkar fersk torsk til middag. Logen, eigaren av hotellet, var sjefskokk - og vi fekk ei flott servering i stova - med portugisisk kvitvin (Catarina for spesielt interesserte - nydeleg til fisk og skaldyr).

Saman med tv-gjengen frå Portugal følgde det med ein heil deputasjon: Matjournalist, restauranteigar, fiskeimportør og vineksportør. Kjempetrivelege folk!

SIC TV har 6-7 mill. sjåarar, og programmet skal etter planen sendast til hausten. Med på turen var den portugisiske kjøkensjefen Vitor Sobral som er kjend i Portugal som en fornyar av tradisjonelle oppskrifter og frå matprogram på tv. Han har i tillegg gitt ut ei rekkje kokebøker. Under besøket i Havøysund henta han m.a. idear og bilete til den nye kokeboka som vil innehalde nærare 500 oppskrifter på torsk.Det vellykka opphaldet vart avslutta med eit middagsarrangement på Arctic View på Havøygavelen på jonsokkvelden (tirsdag)i eit strålande ver. Der serverte Vitor klippfisk og fersk torsk på portugisisk vis. Flott stemning både ved matbordet og ute på “mini-nordkapp” i midnattsola. Og dei forundra seg som folk flest frå sør-Europa, over sola som aldri gjekk ned! I helga var vi på hytta i Alta. Ylva var med skulekorpset på tur til Kabelvåg i Lofoten. Vi hadde nokre erend å klargjere før avreise til Madeira på tysdag. Og så fekk vi koseleg besøk av venner på laurdagskvelden. Og på søndag dukka fleire venner opp - alle i feriemodus, klar for å reise ut i verda for sommaropplevingar.Og dermed: GOD FERIE, ALLE SAMAN!

Ingen kommentarer sålangt. Gi den første.

Leave a reply

dd
ff