James Bond-galla i Havøysund
Ny «nordfrå-rapport» frå John:
Livet går sin vante gang her oppe i Havøysund. Førre laurdag var vi på James Bond-galla i idrettshallen. Havøysund musikkforening gjennomførte eit glitrande show omkring kjenningsmelodiane til mange av dei store Bond-filmane - frå tilbake på 60-talet og fram til i dag. Triveleg kveld med dans uti natta.
Fredagane stasar vi litt ekstra til i kantina på rådhuset: Og sist fredag var det min tur. Slo til med ekte Sunnmørs-sveler - som igjen slo godt an! Måtte dele ut oppskrifta til dei mest interesserte.
Fredag kveld var det Ungdommens kulturmønstring (UKM) - og Ylva var på scenen saman med ei venninne og framførte ein i høgste grad eigenkomponert sketsj omkring eit restaurantbesøk. Dei gjekk nok ikkje vidare i tevlinga - men det var første gong ho våga vere med på ein slik sesanse. Eit kvantesprang framover!
Skiftande ver - men med lange solglimt innimellom. Det vårast - om enn på ein annan måte enn i Sør-Noreg: Her ser vi at isjuklane græt vårtårer, fuglane får eit anna mæle og dagane lengjest sjølv om det framleis er kvitt i naturen. Laurdag 21. mars passerte vi vårjamndøgn: Då står sola i senit ved ekvator og dag og natt er like lange. Og då huskar vi kanskje når påska kjem: Første påskedag er første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøgn - altså det er månefasane som avgjer om det blir tidleg eller sein påske eller noko imellom.
Ja, snart er det påske - og i år blir vi på Madeira i høgtida. Vi reiser nedover no på onsdag (25. mars) og blir der i 3 veker. Dette er kanskje den frodigaste tida i denne botaniske hagen som øya er - vår og bløming overalt. Det skal bli godt med sol og bading, frukt, grønt og bløming og masse kultur i samband med påska på denne øya som er kjend for sine 4 F-ar:
1. Festivals 2. Flowers 3. Football (unik fotballinteresse - Ronaldo) og 4. Fatima.
Så neste “nordfrå-rapport” blir nok frå Madeira.
Ha ei fin vårtid framover - og forresten: God påske til dåkke alle saman!
John
1 kommentar sålangt
Leave a reply
Hei!
Så kjekt at høre at Ylva beveger seg på “de skrå bredder”! Det er tøft gjort å stå foran et publikum med selvkomponert sketsj - godt jobbet!
Kos dere på Madeira! Det høres ut som om dere får noen fine dager nå på denne tiden.
God påske og hils familien!
Eileen