sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

Helene 60 år

Hei - med ein ny nordfrårapport!

I romjula fylte Helene (kontorfullmektigen på Oppvekstkontoret) 60 år.
Dette markerte vi sist fredag med ein invitasjon i lunsj-pausen til alle på Rådhuset om å dele nokre ord og tankar omkring dette - samt to store, flotte blautkaker m.m.

Kvar gong eg er med på slike markeringar, byrjar eg å tenkje litt over det å bli eldre - det å bli gammal. Då eg var 20 år, meinte eg at dei på 60 så difinitivt hadde “gått ut på dato”. Eg har i grunnen aldri kvidd meg til tiar-overgangane - eg trur bestemt det er verre for kvinnene å passere 30, 40 osv. enn det er for oss menn.
Men ved 60 er det noko spesielt: Ein startar på eit 10-år som vil bli annleis - med ein overgong frå dei vanlege arbeidsrutinane til pensjonisttilværet.

 
Eg trur det er Oscar Wilde (den kontroversielle, irske forfattaren) som har sagt noko slikt:
“Det tragiske med alderdomen er ikkje at ein er gammal, men at ein er ung”. Det ytre og kroppslege ber nok preg av alder og år - men inni er vi framleis unge. Stundom trur eg faktisk at eg berre er 24 år enno! Tenk det! Nett i denne brytningssonen finn vi iflg. Wilde alderdomens tragedie! Nokon som kjenner seg igjen?
Og på mange måtar er det bra det er slik - det er den mentale alderen inni hovudet ditt som avgjer korleis du har det. Og held ein seg rimeleg bra i fysisk form, er livet slett ikkje ille etter å ha passert dei 60!

Det vart Havøysund-helg. Laurdag var det lutafisk-gilde hos Ellen og Willy. Fast og god lutafisk - slik vi likar han!

Vi heldt fram med fødselsdagsmarkeringa av Helene på tysdag i denne veka: Lefser og søst, julekaker og marsipankake - og kaffi med ein aldri så liten skvett med fransk, gylden smak. Og det midt i argaste arbeidstida! Men markering er no ein gong markering! 

Men så er det dette med nyttåret, då! I fjor på same tid, reflekterte eg litt omkring desse årlege syklusane og spesielt omkring ovegangen juleførbuingar, julefeiring og nyttårsforsetter. Slikt blir det nokre ord av (sjå vedlegget).

Kort verrapport: I helga fekk vi sørvest og regn og plussgradar - medan heile Sør-Noreg skalv i frostrøyk. Snakk om å snu landet vårt på hovudet! Måndag vart det minusgradar og litt snø igjen. Onsdag og i dag: Mildver og plussgradar. Men meldinga til helga er kaldt og klarver igjen. Januar er jammen ei skiftande tid, vermessig!

Ha ei lysare tid framover (sola kjem snart tilbake her nord)!

John

Bileta:
1. Eit lite dryss med nysnø på tre små furuer i minus 20 gradar.
2. Ei av fødselsdagskakene til Helene - frå kantina på Rådhuset.
3. Helen og Aina (rådkvinne).
4. Frå lutafisk-bordet.
5. Frå markeringa på pauserommet på Oppvekstkontoret: Bernt (museumsbestyrer), Helene og Else (PP-leder).

Ingen kommentarer sålangt. Gi den første.

Leave a reply

dd
ff