sverren.net

Lokalhistorie fra Øversjødalen og Måsøy

Mot lysare tider


Nordfrårapport
- i slutten av januar dette Herrens år 2010.

Ja, det lakkar mot februar - og lysare tider. Vi trør rundt i “værret” og kikar etter sola - og på søndag nådde ho ned i vingene på vindmøllene oppe på Gavelen. Laurdag køyrde vi inn på fastlandssida i von om å få eit glimt av denne sårt sakna kameraten med utgangspunkt frå fjellovergangen ned mot Snefjord. Men - sjølvsagt kom det skyer i vegen.

På veg tilbake stoppa vi i Selvika - denne nydelege kystperla der det har budd folk heilt tilbake til for over 6ooo år sidan.


 Som de ser - det finst mest ikkje snø her oppe på Finnmarks-kysten. Skikkeleg underleg vinter, dette! Entreprenøren som skal byggje ut rasteplassen her inne, har såleis gode arbeidstilhøve. Utbyggjinga er ein del av satsinga i samband med at Havøysund-vegen har fått status som “Nasjonal turistveg”. Det er alltid mange ulike reaksjonar når kunstnarar får i oppdrag å skape noko som skal vere stadshøveleg og samstundes fremje turismen langs vegane våre. Det blir i alle fall diskusjonar - for dette har dei fleste meiningar om. Det skal bli spanande å sjå sluttresultatet.
Berre eit lite apropos: Kanskje det hadde vore litt viktig å fjerne skog og kratt langs bilvegane óg, slik at bil-turistane kunne få sjå litt av det vakre landet vårt. Dei fleste stader er det mest som å køyre i ein eviglang grøn tunnel.

Laurdags-kvelden hadde Anne Grethe og Gerhard invitert slekt og venner til chilensk aften. Som bakteppe fekk vi gjennom velregissert og spanande prosa og poesi og flotte prosjektor-bilete på skjermen følgje dei på turen dei gjennomførte til Chile for knappe to år sidan. Og landet er enormt langt - over dobbelt så langt som Noreg. Og når vi dreg fram barnelærdomen - at snur vi Noreg langs ein akse på Lindesnes, vil Kyst-Finnmark kome ned mot Roma. Så då, så . . .
Vi følgde dei frå streif langs kysten og til fjellvandring opp til dei høge toppane. Vidare rak vi med dei ut på det som tok dei ein 5-timars flytur til den segnomsuste Påskeøya - der Heyerdahl i 55/56 gjorde ein stor innsats for å finne ut av alle dei uforklarlege, ovdigre steinfigurane som øya er kjend for. Han prøvde også å klare opp i årsaksfaktorane for den tragiske historia til folket på denne Stillehavs-øya som truleg har vore folkesett tilbake frå slutten av 300-talet etter Kr.

Og det vart chilensk mat og drikke: Empanadas, laga ev ei slags butterdeig med kjøtdeig, rosiner, egg m.m. inni. Og så fekk vi smake nasjonaldrikken pisco: Ein type blank brandy der ein miksar til sitronsaft, sukker og piska eggekvite. Og chilensk raudvin, sjølvsagt, stod på bordet! Så vi kom i rett triveleg, chilensk stemning hos Anne Grethe og Gerhard denne kvelden.

Opphavleg hadde Gerhard planlagt å søkje etter ein familiebåt (”Gerhard Bjørnstein”) som på 70-talet vart seld til Chile. Denne båten fann dei ikkje - men mange av dei andre ringnotbåtane som vart selde til Chile rundt desse tidene, fann dei på ein båt-kyrkjegard oppe i ein skog ved ein kystby i dette langstrakte landet. Og det var båtar Gerhard kjende til både frå Nord-Noreg og lenger sør i landet. Så spørst det kor lenge dei blir liggjande der før opphogging. Dei kjem aldri på sjøen att - å sjå til!

Søndag gjekk vi oss ein tur ut i Hallvika og opp på eidet bak bygda. Då såg vi at sola nådde ned i vindmøllene på Gavelen - og så vidt ned i platået ute på den flotte Hjelmsøya. Så no er det på tide å klargjere for solfest, må de vite!

Tirsdag hadde vi besøk av et skrymt: Stormen Ask som Embla heilt sikkert hadde vore lite stolt av. Mykje opphausing - knapt nok vi merka det i Havøysund. Skremselspropaganda frå meteorologane - kanskje for å få meir mediadekning? Tenk så mykje tid på nyhendekanalane våre - og så lite å syne! Det har vore kraftigare vind i Havøysund tidlegare i vinter! Og tenk det: Vegen vart stengd - ikkje på grunn av vêret - men på grunn av vervarslinga! Ja-ja, …..
Liknar det litt på dekninga av pandemi-saka?

Ha ei vêr-vakker tid vidare!
 
John

Ingen kommentarer sålangt. Gi den første.

Leave a reply

dd
ff